Årsmøte og konferanse 26. og 27. april
Velkommen til Sogndal denne helga i slutten av april. Tema ved konferansen på laurdag blir arbeid. Til å informere om dette tema har vi fått med oss fylkesdirektøren i NAV Sogn og Fjordane og ein representant frå ei bedrift. Landstyret blir og representert.
Årsmøte i NFU Sogn og Fjordane Fylkeslag blir på søndag 27..
Viser til brev sendt alle lokallag.
Saker som lokallaga ynskjer å ta opp på årsmøtet må vere styret v/leiar Bente Underthun,
i hende 20 mars.
Lokallaga skal halde sine årsmøte innan utgangen av februar.
Lokallaga skal velje utsendingar etter følgjande vedteken nøkkel:
Alle har rett på 1 utsending, + 1 utsending for kvart påbyrja ti-tal medlemar laget har. Likevel slik at ingen har meir enn 6 utsendingar.
Fylkesstyret har sendt brev til valnemnda om tillitsvalde som står på val. Lokallaga vert oppmoda om å komme med framlegg på kandidatar, desse må vere spurde på førehand.
Valnemnda er samansett av:
Astrid Uthaug, tlf. 99026867 – leiar
Per Tollefsen, tlf. 91561706
Sølvi Silden - vara.
Etter årsmøtet i lokallaga skal fylkesstyret ha tilsendt:
ü Melding om utsendingar til årsmøte.
ü Melding om val.
ü Kopi av årsmelding 2013.
ü Kopi av revidert rekneskap 2013.
ü Kopi av referat frå årsmøtet.
Dette skal sendast til: NFU Sogn og Fjordane fylkeslag v/ Laila Nistad, Nistad, 6963 Dale,
e-post: laila_nistad@hotmail.com, seinast 20. mars 2014.
Lukke til med årsmøtet i lokallaget!